Safranbollar med frukt og marsipan

(ca 40 bollar)

Deig:
50 g gjær
100 g smør
5 dl mjølk
250 g kesam
1 g safran
1.5 dl sukker
3 dl hakka, tørka frukt (feks rosin, aprikos, papaya...)
1/2 ts salt
ca. 17 dl kveitemjøl 

Fyll:
75 g romtemperert smør
100 g grovt riven marsipan
rive skall av ein appelsin (gjerne økologisk)
2 ts kanel

1 egg
mandelspon
perlesukker

Smuldre gjær i ein bolle. Smelt smøret, ha i mjølka og varm til 37 grader. Rør ut gjæra i blandinga. Ha i kesam, safran, sukker, frukt, salt og det meste av mjølet. Elt deigen til den blir blank og smidig. La den heve under plast/handduk i 30 min. Bland ingrediensane til fyllet. Legg deigen på bakeflata, kna den lett og del i to. Kjevle ut kvar del til ei avlang kake på ca 25x50 cm. Smør fyllet utover halvparten av deigen og legg den andre halvdelen over. Skjer så 2 cm breie remser. Del remsene på langs, men slik at dei framleis heng saman i enden (som eit par bukser) Vri remsene og lag ein laus knute. Legg bollane på steikeplate med bakepapir og la heve i ca 30 min. Set ovenen på 225 grader, pensle bollane med vispa egg og strø mandelspon og perlesukker over. Steik i midten av ovnen i 5-10 min.

No comments: