Grøn wok for ein liten og ein stor

(eller eventuelt for ein veldig svolten stor)

1/4 lauk, hakka
1 stort fedd kvitlauk, finhakka
1/2 liten brokkoli delt i små "hovud"
1/2 pk sukkererter
2 nevar spinat
1/2 grøn paprika

2 ss raps/soyaolje
1 ss fiskesaus
2 ss soyasaus
2 ss sweet chilisaus

sesamfrø

1 porsjon ris/nudlar


Kok opp ris/nudlar - dette kan gjerast på førehand då det skal steikast saman med resten.
Varm oljen i wokpanne (eller stor steikepanne), ha i lauk og kvitlauk. Hell over fiskesaus og soyasaus. Steik i 2 min (rør ofte), ha i brokkoli, steik vidare i nokre minutt. Ha i sukkererter og paprika. Heilt mot slutten av steiketida har du i spinaten og sweet chilisaus. Rør godt.

Ved servering drysser du over sesamfrø (små barn bør ikkje få i seg for mykje sesamfrø, så ikkje ver for raus på den vesle porsjonen, men sesamfrø inneheld kalsium - noko som er bra for både store og små, så til den vaksne treng du ikkje spare på frøa)