tosofos meksikanske kjøkken


Sopa de tortillas (tortillasuppe)
Dette er den beste meksikanske suppa eg veit om (har ikkje prøvd å lage den sjølv dog sidan eg ikkje lagar maistortilla sjølv, men det funkar kanskje med kveitetortillas også)

4 tortilla, kutta opp i strimlar
1 ss olje + olje til å fritere tortillastrimlane
1 liten lauk, finhakka
2 fedd kvitlauk, knuste
1 stor boks hermetiske tomatar (evt ferske tomatar utan skinn)
4 koppar kyllingkraft
Ein handfull hakka koriander
Salt og pepar

Varm opp olje i ei panne og steik tortillastrimlane crispy. I ei gryte steiker du lauk/kvitlauk i litt olje, den skal berre bli blank, ikkje brun! Kutt opp tomatane i små bitar (nesten tomatpure) og bland i gryta med lauk. Hell i kyllingkraft og bland godt. La koke opp, skru ned varmen og la det trekke i 10 minutt til suppa blir litt tjukkare. Ha i koriander (hold att litt koriander til dekorasjon)

Legg tortillastrimlane i varme suppebollar og hell suppa over, pynt med litt koriander og salt/pepar.

Denne suppa blir enno betre med kyllingbitar og avokadobitar oppi når du serverer, eventuelt ein liten dæsj rømme og litt riven ost også. 



Pollo a la jardinera, 6 pers

6 store kyllinglår
1/2 kg gulrøter, kutta i stavar
1/2 kg squash, i skiver

Til sausen:
Ein kopp appelsinjuice (helst ferskpressa, den er søtast)
1 lauk
6 store fedd kvitlauk
6 laurbærblad
ei klype timian
ei klype merian
1 terning kyllingbuljong
1 ts heil svart pepar

Bland ingrediensane (utanom laurbærblad) til sausen i kjøkkenmaskina, køyr til det blir ein puré.

Ha litt olje i ei stor ildfast form, legg squash og gulrøter i botnen og fordel kyllinglåra over. Hell sausen over, stikk i laurbærblad og dekk med aluminiumsfolie. Steik i ovnen på 180-200 grader i ca 1-1,5 time. Ta så folien av og skru opp varmen litt, steik i ca 15 minutt for å få skinnet krispi, hell så over 1/2 kopp jalapeno-eddik* og sleng inn nokre hermetiserte jalapeno-skiver. La det stå i ovnen i 10 minutt til. (Dersom du ønsker ein sterkare rett kan du la eddiken koke med lengre, men dette er ikkje hot meksikansk mat, dette er bondekost!)

Server med salat og ris til.


* = Nuh, korleis får eg tak i jalapeno-eddik?! Kjøp ein pakke hermetiserte jalapeno-skiver (du finn dei i tacohylla på butikken), laken er eddik og det er supert som smakstilsetning for å få litt kick i maten!



Ceviche de camarón
300gr rensa reker
Juice av 1 lime
2 tomatar
1 lauk (gjerne raudlauk, den kvite lauken i Mexico er nemleg mykje søtare enn den norske)
1 chili
1 neve koriander, hakka
Tacoskjell eller nachoschips

Finhakk lauk og tomat. Fjern frøa frå chilien og finhakk. Bland limejuice, tomat, lauk, chili og koriander i ein bolle. Hell i rekene og bland godt. La stå i minst 30min i kjøleskåpet (lengre om du brukar rå reker/fisk)

Server på halve tacoskjell/nachoschips.

Ceviche blir oftast servert med rå fisk, og limejuicen gjer at fisken blir "kokt". Ein skjer fisken i små bitar, nesten så den blir finriven/most og marinerer den i limejuiceblandinga i nokre timar. Nyyydeleg!



Champiñones al ajillo (kvitlaukssjampinjong)
10 sjampinjongar
2-3 fedd kvitlauk, finhakka/knust
1 chili utan frø, finhakka
Olje til steiking

Skjer soppen i bitar, steik på medium varme saman med kvilauk og chili. Server på små salte kjeks (type Ritz)



Papas con chorizo (poteter og chorizo)
1 kg poteter, skrella og delt i bitar
2 ss olje
2 fedd kvitlauk, knuste
1 stor lauk, finhakka
2 chili utan frø, finhakka
250gr chorizopølse (sånn tjukk pølse, ikkje den som er i skiver som salami)
1 stor kopp riven kvitost
Evt salt

Kok opp potetbitane halvmøre (dei må vere ganske faste, dei skal steikast etterpå, så om dei blir for møre blir det berre potetstappe...). Varm oljen i steikepanna og steik lauk, kvitlauk og chili. Ha i potetbitane og steik til dei byrjar bli brune. Del opp chorizoen i små bitar og ha i panna saman med potetmiksen. Steik i 5 minutter eller så, til chorizoen er gjennomsteikt. Ha evt i salt (chorizoen er ganske salt i seg sjølv, så det er kanskje ikkje nødvendig). Ha over ost rett før servering, slik at osten framleis smeltar når du har potetblandinga over på fat.


Molletes

Baguette
Refried beans (dette er kokte bønner som blir most og steikt på nytt saman med litt lauk - nyydeleg! - Du finn oppskrift i Aramaras meksikanske kjøkken som også ligg her på bloggen!)
Riven ost
Salsa mexicana (oppskrift lengre nede i posten)

Del baguetten i to, ta ut litt av "innmaten" og smør bønnemos på kvar halvdel og strø ost oppå. Gratiner i ovnen til osten er smelta. Ha på masse deilig salsa (treng ikkje salat om du brukar masse heimelaga salsa - denne er jo nesten som ein salat i seg sjølv!)



Quesadillas (queso=ost, så dette er ostetortillas)

2 store kveitetortillas
riven ost
evt kjøt/bønner
salsa

Finn fram ei stor steikepanne og set på medium varme. Legg tortillaen oppi og la den bli varm. Når den er varm legg du på ost og evt kjøt/bønner og let osten smelte. Det er lurt å snu den litt i blant, den skal ikkje bli steikt hard. Tortillaen skal framleis vere mjuk, men osten skal smelte.

Når osten har smelta opnar du tortillaen og hell på salsa



Licuado de sandía (vannmelonvatn)
1 vannmelon
4 koppar iskaldt vatn
Juice av 2 lime
Evt honning for å søte
Isbitar

Kutt vannmelonen opp i bitar og ta vekk steinane. Legg melonbitane i ein bolle med det kalde vatnet og la stå i 10 minutt. Ha melonen og vatnet over i ei sikt og press melonen gjennom sikta med ei tresleiv. Rør inn limejuice og evt litt flytande honning for å søte drinken med. Server med isbitar.



Salsa mexicana (namnet kjem av at salsaen har fargane i det meksikanske flagget)

1/2 lauk (evt 1 liten lauk - kjem litt an på smaken*)
1 chili (grøn eller raud)
1 bunt koriander
2 tomatar
Juice av ein lime (eller meir om limen er tørr)

Finhakk alle ingrediensane untatt lime. Fjern evt frø frå chilien. Hell over juice av lime og la stå nokre timar for å marinere seg godt.

* I Mexico er den ferske lauken nesten søt på smak, den er mildare enn vår raudlauk. Eg har ikkje funne lauk som smakar som meksikansk lauk (i Mexico brukar ein mykje lauk!!) så vi brukar raudlauk sjølv om den har feil farge (det meksikanske flagget er jo raudt, kvitt og grønt)


Salsa de chipotle

300gr tomat
5 chipotle chili (kan kjøpast på enkelte ogglabongbutikkar, der har dei ofte ferdig salsa de chipotle også!)
3 fedd kvitlauk
2/3 kopp raudvin
1 ts oregano
4 ss honning
1 ts sennep
salt/pepar

Del tomatane i båtar og legg i ei ildfast form. Set i ovnen i ca 45 minutt på 200 grader. Legg chiliane i kaldt vatn i 20 minutt, fjern frø og hakk chiliane.
La tomatane kjølne litt, ta av skalet. Kutt i bitar og ha i food processor. Ha i raudvin, chili og kvitlauk. Bland til det blir ein jamn saus. Ha i oregano, honning, sennep, salt og pepar. Bland lett.
Hell sausen over i ei lita gryte og varm opp, la det småkoke i 10 min til sausen har redusert til ein tjukk grautaktig saus. Serverast varm eller kald.


Salsa de guajillo
2 store tomatar
2 paprika (raude) i bitar, utan frø
3 fedd kvitlauk
2 ancho chili
3 guajillo chili (Desse chiliane er tørka chili og dei får ein neppe tak i i Noreg desverre, men ein kan jo prøve seg fram med den chilien ein får tak i)
2 ss tomatpure
1 ts oregano
1 ts brunt sukker
1 1/4 kopp kyllingkraft

Steik tomatane i ovnen som i oppskrifta over, saman med paprika og kvitlauk. Fjern skal frå tomat og paprika. Tørka chili må leggast i vatn (sjå oppskrifta over her óg)
Bland i food processor med tomatpure, oregano, sukker og kyllingkraft.
Hell over i ei lita gryte og kok opp. La småkoke i 10-15 minutt, til du har omtrent halvparten av utgangspunktet. Denne salsaen held seg ei veke i kjøleskapet.

No comments: