Chili con carne

400g kjøttdeig 
1-2 bokser brune bønner/Kidney beans, kjem an på kor glad du er i bønner (NB: IKKJE kidneybeans i tomatsaus!)
1 boks svarte bønner (eller andre bønner, tek det som ser spanande ut i hylla, kikerter funkar også)
2 bokser hakka tomat
1 stor lauk
2 store fedd kvitlauk
1 chili (finhakka) - eller 1 ss chilipulver (vi har ofte kjøpt Chili Explosion frå Santa Maria, ein chilimix med salt, då treng du ikkje ekstra salt, brukar du sterkare chilipulver må du bruke mindre - brukar vi meksikansk chilipulver tek eg kanskje 1-2 ts)
1 stang kanel
1-2 ts spisskummin
2 ts oregano
Salt og pepar

Steik lauk og kvitlauk i olje, ha i kjøtdeig og steik til den er bruna godt. Bland i krydder. Ha i bønner (med væska frå boksene) og tomatar. Fyll ei av tomatboksene med vatn og hell på.

La det småputre (på låg varme) i 45-60 minutt, vi brukar jerngryta.

Server med quesadillas eller tortillachips (ikkje dei med ostesmak). Salat eller guacamole eller salsa (eller alt saman) ved sidan av. Fjern kanelstanga før servering!

No comments: