Tyrkiske kebab kjøttboller

Denne oppskrifta på kjøttbollar er henta frå kokeboka "Frå bollar til burritos". Eg har modifisert oppskrifta litt, men dei er framleis like gode altså;)

Enjoy!

Tyrkiske kebab kjøttboller

4 porsjonar

500 gr kjøtdeig
3 dl fersk loff utan skorpe, i småbitar
2 egg
1 liten løk, finhakka
1 ts salt
4 krm pepar
3 krm karve
2 ts malen koriander
2 ms sitronsaft
1 liten chilipepar, finhakka
4 ms olje


1. Bland kjøtdeigen med loffbitane. Tilset egg og bland godt.
2. Ha i kvitløken, løken, slatet, kryddera, sitronsafta og finhakka chilipepar. Kna godt (bruk nevane).
3. La gjerne farsa kvile ei stund før du formar han til små runde bollar.
4. Steik bollane fint brune i olje.

Server bollane med pitabrød eller ris til og ein tomatsaus til. Rå løk og friske krydderurter eller salat høyrer med.
Du kan også servere dei som dei er på eit tapasbord.

1 comment:

Torill said...

For ei genial side. Så lure dokke har vore! Legg den i mine favorittar slik at eg kan kike av og til. Skulle gjerne visst litt meir om kven dokke er, gjerne om pasjonen for mat :-)