Kjøtbollar

Ei deilig oppskrift på små kjøtbollar som passar fint i piknikkurven, til ein pastarett med tomatsaus, til potetmos, meze... You name it!

Oppskrifta gjev ca. 30 små bollar

1 pk kjøtdeig
2 store skiver grovt brød, helst daggammalt og litt tørt
2 ts kummin
2 ts paprikapulver
2 ts chilipulver (eg har brukt tørka chile negro, ein meksikansk chili, prøv deg fram!)
2 ts basilikum
1 egg
1/2 lauk, finhakka
1 fedd kvitlauk, finhakka

Rasp brødet (eller berre kna det med fingrane) til du får fine brødsmular. Tørt brød er enklare å smuldre opp. Steik lauk og kvitlauk til det blir blankt. Ha alle ingrediensane i ein bolle og rør godt saman. Form små bollar (ca 1,5cm i diameter) og steik godt.

No comments: