Fransk sjokoladekake
Denne hadde vi som bryllaupskake (dobbel porsjon, slik at det var to ringar), og den er nydeleg mørk og tung *mmm*
1 plate kokesjokolade
2 ss sterk kaffi
125 gr smør
1,5 dl sukker
3 eggeplommer
1 dl kveitemjøl
1 dl grovhakka nøtter (kan sikkert sløyfast viss ein ikkje likar det)
3 stivpiska eggekviter
Smelt sjokoladen saman med kaffi i vannbad. Rør smør og sukkert godt. Tilsett eggeplommer og sjokolade. Rør inn sikta mjøl og nøtter. Eggekviten vendast forsiktig inn.
Steikast i godt smurt og strødd form (eg brukar "puddingform", sånn rund for med hol i midten) på 175 grader i ca. 30 minutt.
Glasur:
1 plate kokesjokolade
50 gr smør
Smelt i vannbad og hell over kaka.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment